Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomsskatt frå 2026. Skattesatsen er i år på 1 promille av eigedomsverdien.
Eigedomsskatten skal gjere kommunen betre i stand til å drive tenester og investere for framtida. Skatten gjeld alle faste eigedomar i heile kommunen, inkludert bustadar, næringseigedomar, fritidsbustader og andre skattepliktige eigedomar.
Taksering av bustadar
For bustadeigedomar vert bustadverdien nytta, det vil seie formuegrunnlaget frå Skatteetaten, til å berekne skatten.
Alle eigedomar som ikkje har formuegrunnlag må takserast. Det skjer i hovedsak ved utvendig synfaring.
Taksering av andre eigedomar
Næringseigedomar, hytte, naust og liknande har truleg ikkje eit formuegrunnlag frå Skatteetaten i dag. Desse må difor synfarast og takserast.
Takseringa av slike eigedomar kan vere meir detaljert enn for bustadar. Det kan vere behov for at dei som skal taksere, kjem inn i bygget. Eigaren vil i så fall verte kontakta i god tid.
Meir informasjon om taksering vil kome når det er klart kven som skal stå for takseringa.
Føretaket Verditaksering Kjell Larsen AS (VKL AS ) har fått tildelt oppdraget med å taksere eigedomar i Sande kommune i samband med innføring av eigedomskatt. VKL AS skal dermed stå for taksering av alle eigedomar som ikkje har eit formuegrunnlag fastsett av Skatteetaten.
Før taksering skjer ute i felt vil heimelshavar få varsel pr brev om taksering. I dette brevet vil heimelshavar finne informasjon om tidspunkt for taksering (synfaring). Heimelshavar har rett til å delta på takseringa om det er ynskjeleg.
Her kan finne alle vedtak om innføring av eigedomsskatt, fritak, kva eigedomar dette gjeld og anna .