Bustadfelt i vakre omgjevnaderVi har laga videoar som viser dei kommunale tomtene frå lufta, og i tillegg får du høyre frå folk som bur her om kvifor dei trivast. Her finn du oversikt over ledige tomter – og seinare kjem det fleire videoar frå Gjerdsvika, Kvamsøy og Sandshamn.Sjå området frå lufta og høyr frå folk som bur her om kva dei likar med å bu i Sande. Haugelia bustadfelt – droneopptak og stemmer frå Sande Storehaugen bustadfelt – droneopptak og stemmer frå SandeKommunale bustadtomterSande kommune har nokre ledige kommunale tomter som er byggeklare, og nokre private utbyggarar arbeider med planer for klargjering av bustadtomter og bustadar. Kvar finn eg ledige tomter?Oppdatert oversikt på kommunale tomter, finn du på www.sunnmørskart.no(Vel kartgrunnlag til venstre på sida og kryss av for sal av tomter på høgre sida).Under finn du også oversikt på dei ulike byggefelta Når det gjeld Storehaugen bustadfelt er det inngått opsjonsavtalar på ein god del tomter. Dersom nokon ønsker å kjøpe tomt med inngått opsjonsavtale på, vil den som har opsjon først få høve til å kjøpe denne. Ta kontakt dersom du vil ha meir informasjon.Private tomter og eigedomar til salsHer finn du oversikt på moglege ledige tomter på privat grunn og eigedomar til sals. Kva kostar tomtene?Kommunestyret har gjort vedtak om at det er takst som skal leggast til grunn for pris. Ein arbeider med å komplettere takstgrunnlaget. Ta kontakt for meir informasjon.Du finn meir om tildeling og sal i Reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Sande kommune (PDF, 2 MB).Kva kostar det å byggje?Når du skal byggje bustadhus får du kostnader til:søknad om byggeløyve og ansvarsrettarutstikkingsgebyrtilknyting vatn/avløp Gebyr avløp bustadhus - 2026Gebyr avløp bustadhus - 2026Tilknytningsavgift - eingongsgebyrÅrsgebyr -Bustad under 250m2-abonnement og forbrukÅrsgebyr -bustad over 250m2 -abonnement og forbrukÅrsgebyr fritidshus17990554361413369 Gebyr vatn - 2026Gebyr vatn - 2026Tilknytningsavgift - eingongsavgiftHus under 250m2 - årsgebyrHus over 250m2 - årsgebyrFritidsbustad - årsgebyr19275742883074592 Her kan du lese meir om dei 5 krinsane i Sande.Ta gjerne kontakt for meir informasjon.