Førehandskonferanse - oppstartsmøteNår du skal starte arbeidet med ein reguleringsplan må du først ha et oppstartsmøte med oss. Du kan som privatperson vere forslagsstillar og bestille oppstartsmøte, men ein fagkyndig plankonsulent må delta på møtet og utarbeide sjølve reguleringsplanen.Det er også høve til å bestillle førehandskonferanse for byggesaker. OppstartsmøteOppstartsmøtet skal primært gi gjensidig orientering, der vi informerer om overordna planar og føringar, informerer om planarbeidet generelt og gir rammer for planarbeidet.Før du bestiller møteFor å få mest mogeleg ut av oppstartsmøtet, treng vi litt informasjon på førehand slik at vi kan førebu møtet. Du må ta stilling til korleis forslaget ditt vert påvirka av overordna planar, føringar og reguleringar som gjeld for området, lokale forhold med meir.Bestilling av førehandskonferanse gjer du ved å kontakte sakshandsamar eller ta kontakt på sentralbordet tlf 70026700.Etter du har bestilt oppstartsmøteNår vi mottek ei bestilling av eit oppstartsmøte, får du som regel svar fra oss innen to veker. Etter dette avtaler vi et oppstartsmøte. Publisert av Elin Rokstad Publisert 08.01.2020 13:46 Sist endra 29.07.2025 09:30