Påvising eigedomsgrenser

Påvising eigedomsgrenser

Enkelte kan oppleve at grensemerka forsvinn og ønskjer å få sett ned nye.

Eigedomar som er oppretta frå ca. 1980 eller eldre eigedomar som har hatt nyare målingar av grenser, har grenser som er koordinatbestemte.

Eldre eigedomar har ikkje koordinatorbestemte grenser (eigedom oppretta før 1980). Desse eigedomane har skyldskifte-dvs ei grensebeskriving - i eit eige dokument. 

Grensepåvising på slike eigdomar er ofte meir arbeidsomfattande.

Kven kan få tenesta? 

Som eigar kan du be om å få sett ned nye grensemerke i samsvar med målebrev/ skyldskifte.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknad kan du forvente at landmålar ser på søknaden  og tek kontakt med deg for å gjere nye målingar og sette ned grensemerke.

Kva kostar det?

Påvising av eigedomsgrense - prisar 2025

Påvising av eigedomsgrense - prisar 2025
Tal på punkt koordinatbestemt Pris
inntil 2 punkt 2424
fleire enn 2 punkt , pr punkt 808
Tal på punkt , ikkje koordinatbestemt Pris
inntil 2 punkt 8081
fleire enn 2 punkt, pr punkt 1725

 


Korleis får du påvist grensene?

Skal du få sett ned nytt grensemerke søkjer du om det i eige skjema. Til søknaden må du levere kart der du markerer kva grensemerke du vil ha påvist.

Søknaden sender du til:  

Sande kommune 

Rønnebergplassen 17

6084 Larsnes 

 

Du kan og bruke e-post: post@sande.kommune.no

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.

Kontakt

Patrick Leganza-Jeppesen
sakshandsamar
E-post
Mobil 48 64 86 08