Reserver tid med saksbehandlarDu kan reservere tid med byggesaksbehandlar. Vi set av inntil 20 min som vi kan bruke til å gå gjennom spørsmåla du har. Dette møtet er gebyrfritt.Byggesaksbehandlar er tilgjengeleg for nettmøte (Teams) eller fysisk oppmøte.Ver godt førebudd til møtet slik at du får svar på dine spørsmål.I kvar byggesak kan du ha eitt møte med byggesakshandsamar. Treng du meir tid kan du reservere tid til ei førehandskonferanse.På møtet vurderer vi ikkje den konkrete byggesaka eller konkrete løysingar, men gir rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon.Bestill møte herFørehandskonferanseDu kan tinge førehandskonferanse dersom du har konkrete planar for ein rammesøknad. Her vil du får rettleiing om relevante krav og forutsetningar. Ansvarleg søkjar og tiltakshavar skal møte. Det blir sett av ein time til konferansen. Bestill førehandsskonferanse her. Gjer kort greie for kva eigedom det gjeld og kva tiltak ein har planar om.Gebyr for førehandskonferanse Byggesaksbehandlar er tilgjengeleg på telefon:Tysdag: 13:00 - 15:00Onsdag: 13:00 - 15:00 For generelle spørsmål vil ein konsulent vere tilgjengelegMåndag – fredag: 08:00 – 15:30 Kva kostar det? Prisar for ulike tiltak etter plan og bygningslova