Krav om digital søknad

Krav om digital søknad

Alle søknadar etter plan- og bygningslova § 20-3 som krev ansvarlege foretak, må leverast elektronisk. 

Du som "proffbrukar" må nytte godkjende digitale e-byggesaksløysingar. Løysingane som skal brukast finn du  

på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.

Det er effektivt for alle partar å levere søknaden elektronisk

Kommunane på søre Sunnmøre ønsker å handsame saker for innbyggarar og næringsaktørar så effektivt som mogleg. Digitalisering og ny teknologi vil hjelpe oss med å få til det.  Når byggesaksprosessen blir digital, kan data frå dei digitale søknadane bli direkte overført til byggesaksarkiv, kartløysingar, matrikkeldata og eigedomsregister i kommunen.

Å ta imot søknadar på e-post har ført til mykje manuelt, tidkrevjande arbeid. Det er ingen tent med, verken avsendaren eller mottakaren. 

Når ein bruker digital søknad -på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.  - sikrar ein at alle opplysningar som trengs, kjem med. Dette gjer søknadsprosessen meir effektiv.

Merk deg

Søknadar om tiltak som ikkje treng ansvarlege føretak kan også leverast elekrotnisk. Det same gjeld søknadar som berre gjeld dispensasjon eller unntak for tekniske krav.

Gjeld ikkje pågåande byggesaker

Har du ei pågåande byggesak, der du tidlegare har brukt e-post til å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak? Då skal du ikkje søke på nytt.

 

Lovheimel for endringa finn de i e-forvaltningslova §3:

"...et forvaltningsorgan (for eksempel en kommune) kan bestemme hvordan elektronisk kommunikasjon skal skje. Søker kan bruke en generell elektronisk adresse (les: e-postadresse) dersom kommunen ikke har stilt særskilte krav til fremgangsmåte for henvendelsen."

Kontakt

Karin Ingebjørg Sivertstøl
byggesakshandsamar
E-post
Mobil 47 71 69 89