Byggegrense langs offentleg vegNår du skal bygge noko er det reglar for kor langt du skal vere frå offentleg veg. Du har sjølv ansvar for å sette deg inn i reglane som gjeld for det område du skal bygge noko.I område med reguleringsplan:Bur du i eit område der det er utarbeida ein reguleringsplan vil planen vise kva byggegrenser som gjeld.Der det ikkje er reguleringsplan gjeld desse reglane :KommunevegBur du ved ein kommuneveg skal du bygge minimum 15 meter frå midtlina av vegen.FylkesvegBur du ved ein fylkesveg skal du bygge minimum 50 meter frå midtlina av vegen.Ønskjer du likevel å bygge nærare vegen, kan du søkje om dispensasjon. Korleis søkjer eg? Søknad om dispensasjon, kan sendast inn saman med byggesak.Kommunen syter for innhenting av nødvendig løyve.Nyttige lenke:Veglova. Publisert 09.10.2018 20:04 Sist endra 29.07.2025 09:28