Kommunale husvære
Husværa er lokaliserte i dei 5 ulike krinsane.
Dei fleste leilegheitene har berre 1 soverom.
Husværet er ikkje møblert.
Kven kan få leige bustad?
Kommunal bustad er for deg som er utan bustad, og ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre.
Å skaffe seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar, og kommunal bustad er ingen lovfesta rett. Kommunen sitt ansvar for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden er definert av sosialtenestelova § 15 om bustadar til vanskelegstilte og bustadsosiallov § 6 om plikt til å gi individuelt tilpassa bistand (hjelp) til vanskelegstilte. Desse gruppene har prioritet.
Her finn du retningsliner for tildeling av kommunale bustadar. (PDF, 115 kB)
Om kontrakt og kostnad
Sande kommune kan inngå kontrakter med varigheit på inntil 3 år.
I dette tidsromet forventar ein at leigetakar skal finne seg bustad sjølv på den private marknaden.
Husleigesatsane ( inkludert internett) vert indeksregulert kvart år. Ny husleige-sats blir gjeldande frå 01.01.
Depositum: 2 mnd husleige eller depositumsgaranti.
Straum kjem i tillegg.
Om du har behov for økonomisk hjelp til bukostnadane dine kan du lese meir om bustøtte på Husbanken sine sider.
Kva kostar det å leige ?
Størrelsen på husværa varierer og prisane for 2026 varierer frå kroner 5696 til kroner 11593.
Korleis søkjer eg?
No kan du søke om kommunal bustad digitalt. Kobo heiter systemet og det er utvikla av Husbanken. Det er enkelt, brukarvenleg og laga for å ivareta ditt personvern. Det er Sande kommune som mottek skjemaet og som behandlar din søknad om bustad.
Du kan bruke skjema som du finn under her:
Søknadsskjema kommunal utleigebustad
Når får eg svar ?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker .