
Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt, TV-aksjonen skal bidra til å gje menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffe seg ein heim, og TV-aksjonen skal bidra til at over 400.000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afganistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Du kan lese meir om årets tv-aksjon her.
Støtt TV-aksjonen digitalt
Ettersom det ikkje vil kome fysiske bøssebærar på dørene i Sande, kan du gje ditt bidrag gjennom ei "digital bøsse”. Det er heilt valfritt kor mykje du ynskjer å bidra med, og du kan bruke Vipps eller bankkort.
Gje ditt bidrag i digital bøsse her
Del gjerne lenka vidare slik at fleire kan bidra til den viktige aksjonen.
Du kan også betale via mobiltelefonen - send sms med tekst TVA til 2133, då gir du 350 kr.
Eller betale direkte til kontonr 8380.08.09005
Skuleløp
I løpet av aksjonsveka vil det verte gjennomført skuleløp på både Gursken og Larsnes oppvekstsenter. Ynskjer du å støtte skuleløp-Spleisane direkte kan du bruke desse lenkene:
Giverstafett/næringslivsaksjonen
Støtt som bedrift - bruk denne lenka og få tilsendt faktura.
Resultat
Lurer du på korleis det går med innsamlinga i vår kommune? Du kan følge med på resultatet her.