Sommar -sfo - på tide å søke plass

Sommar -sfo - på tide å søke plass

Det vert gitt SFO-tilbod i  to veker i sommar   -  veka etter skuleslutt og veka før skulestart om hausten. 

Tilbodet er ope frå kl 7.30 -15.00. og er ope for alle elevar i Sande som skal gå i 1.-4. klasse til hausten. 

Borna må ha med eigen matpakke då matservering ikkje ligg inne i tilbodet. 

Tilbodet blir gitt ved den skulen der det er flest søkjarar.

Prisar  for sommar-SFO sommaren 2026 

Sommar - SFO
TidsromOrdinær prisPris med gratis kjernetid
Veke17401183
Dag348236

 

Vedtekter

Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande - Forskrift av 18. juni sommar-SFO, §7 (PDF, 238 kB)

 

Dette gjeld for opphald i ferie:

  • Opningstida er 07.30-15.00
  • Det er ikkje høve til kjøp av enkle timar i ferieordninga
  • Det er gratis kjernetid også i ferieopphald
  • Det vert gitt søskenmoderasjon

 

Korleis søkje

Her finn du søknadsskjemaet til sommar-SFO. I søknaden gir du opp kor mange timar du treng. Denne påmeldinga er bindande.

Du får svar fortløpande når vi får inn søknaden.

Søknadsfrist: 15. april