Kaiarbeid kan lage støy på Larsnes

Kaiarbeid kan lage støy på Larsnes

Måndag 31. august startar arbeidet med nedsetting av pelar frå ein flytande rigg ved Rønnebergplassen 25. 

Arbeidet er varsla å vare om lag ei veke, og i denne tida kan det difor vere noko støy medan arbeidet pågår. 

Dette gjerast i samanheng med at Sande kommune bygger ny fiskerikai på Larsnes. 

Illustrasjon av arbeidet - Klikk for stort bilete Sande kommune