Har du ein visjon for Sande-samfunnet eller ein god idé du vil legge fram?

Har du ein visjon for Sande-samfunnet eller ein god idé du vil legge fram?

Før kvart ordinære kommunestyremøte og før det ordinære møtet blir sett, kan innbyggarar i Sande kommune kome med meiningsytringar frå kommunestyret sin talarstol. Dette blir kalla “open talarstol”. Det er ei god anledning for deg til å legge fram ein god idé for Sande-samfunnet, eller kome med ei ytring.

 

Talarstol - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

 

Open talarstol

Ordninga gir innbyggarane i Sande høve til å vende seg direkte til kommunestyret om saker som dei er opptekne av.  Open talarstol gir ikkje høve til meiningsutveksling mellom kommunestyrerepresentantane og den som har ordet under open talarstol.

Personar som ønsker å ta ordet, må vere busette i kommunen og må gjere avtale med ordføraren om dette i god tid før møtet. Ytringane skal helst vere av prinsipiell karakter og skal gjelde kommunale tilhøve.

Målsetjinga med opplegget er å styrke dialogen mellom innbyggarane og dei folkevalde, vitalisere lokaldemokratiet, auke respekten for det lokale folkestyret, skape større interesse og engasjement for utvikling og styring av Sande kommune og styrke ombodsrolla til dei folkevalde. Talaren skal presentere synspunkta sine på ein høvisk måte og ikkje krenke, eller diskriminere nokon. I motsett fall skal ordføraren først gi ei åtvaring. Viss talaren ikkje rettar seg etter åtvaringa, skal ordføraren ta frå vedkomande ordet. Eit innlegg skal ikkje vere lenger enn fem minutt.

Første møtet der vi tek dette i bruk vert tysdag 13. februar og siste frist for å melde seg på open talarstol er mandag 12. februar kl. 12.00.

Ordføraren oppmodar til deltaking i open talarstol

I intervju om saka framhevar ordførar Dag Vaagen at viktige målsetjingar  i reglementet for open talarstol er både å styrke dialogen med innbyggarane og styrke lokaldemokratiet. Han understrekar vidare at ein har som mål å opppnå eit større engasjement, og dermed auke interessa for utvikling og styring av Sande kommune.

Ordføraren håper på god respons og at mange får formidle synspunkta sine til politikarane. Med open talarstol har innbyggarane ei unik mogelegheit til å bere fram synspunkta til kommunestyret. Vaagen legg vekt på at ein med god deltaking kan få fram eit større mangfald, og slik kan ein fange opp saker som rører seg i folket. På denne måten kan ein til dømes oppdage sider ved Sandesamfunnet som ein ikkje i tilstrekkeleg grad har teke omsyn til tidlegare.

Ordføraren oppmodar dei som brenn for ei sak, om å ta kontakt, og viss dei har spørsmål til ordninga så svarar han svært gjerne. Har du noko på hjarte som du vil dele? Send inn tema du vil ytre deg om til ordføraren på følgjande e-post: dag.vaagen@sande.kommune.no

Ta gjerne kontakt med ordførar på telefon også!

Kontakt

Dag Vaagen
ordførar
E-post
Mobil 97 19 64 95