Visste du at...

Visste du at...

Bøker - Klikk for stort bileteSande bibliotek Sande kommune

Sande bibliotek tilbyr både bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift og internett til utlån.

Visste du at 

  • du sjølvsagt kan låne bøker som er tilgjengelege i hylle 
  • du kan bestille fagbøker og andre bøker biblioteket ikkje har inne på dagen 
  • du kan låne ukeblad og andre tidsskrift
  • lese lokalaviser i sofagruppa - også blade i  gamle aviser som er utgitt siste året
  • låne bygdebøker og historiske bøker frå nærmiljøet 
  • at biblioteket har bøker på engelsk 
  • at biblioteket har barnebøker på ukrainsk
  • at biblioteket har lydbøker til utlån som du kan få tilgjengeleg på ein app - gratis  - Bookbites
  • at biblioteket har bøker med stor skrift 
  • at biblioteket har pocket-seriar  tilgjengeleg for utlån - altså serieromanar
  • at biblioteket har filmotek der du kan låne filmar gjennom biblioteket
  • du kan nytte PC  og gratis internett
  • du kan få kopiere og scanne dokument - scanning er gratis - kopiering mot betaling 

Du kan levere lånt materiale i eige bokskap på Joker-butikken på Larsnes og i Gursken.