Les bøker heime, og vinn fine leseknappar!

Les bøker heime, og vinn fine leseknappar!

Sande bibliotek er del av lesekampanjen «100 bøker før du er 6 år». Dette er ein kampanje for barn og foreldre, som skal fremme lesing for dei yngste.

Hos biblioteket får du eit hefte med forslag til 100 forskjellige bøker, fordelte etter alder: 0–3 år og 4–6 år.

Når de er ferdige med ei bok, kan barnet fargeleggje stjerner i heftet for å vise kor godt det likte boka. For kvar 25. bok barnet har lese (høgtlesing tel sjølvsagt òg), kan de kome til biblioteket og få ein fin leseknapp.

I heftet finn de tips til bøker i alle sjangrar, storleikar og vanskegrader. Nokre er morosame, nokre triste og nokre lærerike.