Produksjon av offentleg journal, kjøre Drum/kontrollmodul for innsynsløysing
Kontrollere postliste
Arkivansvarleg eller stedfortredar tilsett i arkivtenesta har ansvar for å kvalitetssikre postjournalane før dei blir lagt ut på internett. Dette innebærer kontroll med at journalen er ført etter dei krav som blir stilt i lov og forskrift og at personvernet er ivareteke. Inngåande og utgåande post vert publisert to virkedagar etter journalføring.
To tilsette ved arkivtenesta skal dagleg kontrollere dei dokumenta som er journalførte. Alle offentlege og journalførte dokument vil vise i den offentlege journalen, dvs dokument som har fått status J. Dette gjelder U, I, N,X, og S-dokument.
- Sjekke dokumenttitlar og vedleggstitlar jf skrivereglar. Gir tittel meining og er den ryddig
- Sjekke om avsendar/mottakarnamn er korrekt skrevet
- Sjekk at journalposten er ført på rett saksmappe, mappetyppe, arkivkode og saksbehandlar.
- Gjere offentlegheitsvurdering av saksdokumenta inkl. vedlegg, vurder meiroffentlegheit
Når postlista har blitt kontrollert, så skal det køyrast Drum/kontrollmodul for innsynsløysinga, og dei journalførte dokumenta blir publisert ut på Acos innsyn/kommunen si heimeside.
Sjekk også i innsynsløysinga at alt ser ok ut der like etter at postlista er publisert ut.
Rutine for kva gjer ein om dokument som er unnateke offentlegheit kjem ut på postlista
Så snart ein blir gjort kjent med at det ligg opplysningar på postlista som skal vere unnateke offentlegheit, bør ein vurdere å ta ned innsynsløysinga til ein har fått retta opp i feilen og fått køyrt ny Drum. Ta i så fall kontakt med SSIKT via deira vakttelefon, og be dei om å ta ned innsynsløysinga.
Husk å sjå til at evt. brudd på GDPR blir meldt.
Innsynsbehandling
Kommunen skal utvise meiroffentlegheit. Dette betyr at alle dokument i utgangspunktet skal vere offentlege så lenge det ikkje er heimel i lov for å gjere unntak.
Les meir om innsyn på heimesida til Sande kommune.
Sakshandsamar og arkiv samarbeider om handsaming av innsynsførespurnader, men det er arkivtenesta som handsamar dei aller fleste av desse.
Sande kommune har også eiga rutine for innsynskrav.(PDF, 223 kB)
Arkivverket - etablere internkontroll for arkiv