Fjernlån
Dette inneber at vi låner inn frå andre bibliotek det du er på jakt etter. Kom innom biblioteket, ta kontakt på e-post: bibliotek@sande-mr.kommune.no for å bestille.
Norgeslån
Dette er ei teneste der du sjølv kan bestille materiale frå bibliotek andre stader og velge kva bibliotek du vil hente det på. Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne bruke Norgeslån. Slik gjer du det:
- Ved 0 treff ved søk i vår katalog kan du søke hos alle bibliotek i Norge på biblioteksøk.
- Når du finn det du vil ha klikkar du på tittelen og klikk på Bestill.
- Logg deg inn med lånekortnummeret ditt (står bak på lånekortet) og pinkoden.
- Du vil få beskjed på e-post, SMS eller pr. brev (alt etter kva du valde når du registrerte kortet ditt) når det du har bestilt kan hentast på biblioteket.
Digitalt Nasjonalt lånekort