Ordensreglar / Om biblioteket

Ordensreglar / Om biblioteket

Alle som besøker Sande bibliotek skal oppleve at biblioteket er ein god og trygg stad å vere.

  • Besøkande må opptre i samsvar med god folkeskikk og norsk lov.
  • Støy, sjikane, hærverk og bruk av open eld er ikkje tillate.
  • Det er ikkje tillate å ete og drikke i biblioteket.
  • Rydd opp etter deg!
  • Hugs å låne det du vil ha med heim.
  • Det er ikkje lov å vere påverka eller nytte rusmidlar på biblioteket.

Alvorlege eller gjentatte brot på ordensreglane kan føre til utestenging for ei lengre periode og lovbrot fører til melding til politiet.

 

Du når oss på telefon: 48992148 og e-post: bibliotek@sande-mr.kommune.no

 

Biblioteket er eit ledd i eit større biblioteknettverk som gjer det mogeleg for deg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet. Vidare har Sande bibliotek eit interkommunalt biblioteksamarbeid med folkebiblioteka i Ulstein, Herøy og Hareid kommune. Dette tette samarbeidet gjer at du som lånar har eit bibliotek på over 100 000 media å søke i når du leitar etter stoff i vår bibliotekkatalog. En dag i veka kjem Norsk Bibliotektransport sin budbil innom Sande bibliotek med bøker og andre media som folk i Sande har bestilt frå andre bibliotek nært og fjernt.