Lagringsstrategi

Lagringsstrategi

Kommunane har mange ulike system for å lagre dokumentasjon knytt til dei ulike fagområda. I tillegg er der mykje uformell dokumentasjon som blir lagra enten på den enkelte tilsette sitt lagringsområde eller på eit fellesområde. Det er viktig at dokumentasjonen blir lagra slik at dokumentasjonen berre er tilgjengeleg for dei tilsette som skal ha tilgang. 

Kommunal forvaltning er omfatta av reglar, lovverk og forskrifter som må overhaldast. Dette gjeld spesielt arkivlova, offentlighetsloven, forvaltningslover og regelverket rundt GDPR. 

Lagringsstrategien er ein del av kommunane sin dokumentasjonsstrategi. 

Målsetting 

  • Bygge felles forståing og felles semje om kva som skal lagrast kvar
  • Informasjon lagrast på rett stad og berre ein stad
  • Overhalde personvern og informasjonssikkerheit
    • Sikre at informasjon ikkje blir kjent for uvedkomande
    • Sikre at informasjon ikkje blir endra utilsikta eller av uvedkomande
    • Sørge for at informasjon er tilgjengeleg ved behov
  • Overhalde relevante lover og forskrifter

Kvar skal dokumentasjonen lagrast 

Arkivverdig dokumentasjon 

Arkivverdig dokumentasjon skal arkiverast. Arkivverdig dokumentasjon er alle dokument som blir til som ledd i kommunen si verksemd, dersom det har verdi som dokumentasjon eller gjenstand for saksbehandling. 

Saksbehandling i fagsystem 

Ved saksbehandling i fagsystem, skal lagring skje i fagsystema. Fagsystema skal ha godkjent Noark5 arkivkjerne eller integrasjon mot godkjent Noark5 arkivkjerne. 

Felles lagring av uformell dokumentasjon 

Felles lagring for dokument som ikkje finn sin naturlege plass i nokon av de to over, lagrast i mapper i Teams/SharePoint. Dette gjeld ikkje arkivverdig dokumentasjon.

Lagring av uformell dokumentasjon for den enkelte tilsette 

Lagring av uformell dokumentasjon som den enkelt tilsette arbeidar med, eller har behov for å ta vare på, skal leggast i OneDrive til kvar enkelt tilsett. Dette gjeld ikkje arkivverdig dokumentasjon.

Føresetnadar 

Kommunen skal kunne yte gode og effektive tenester til private, næringsliv og offentlege instansar. Det vil vere avgjerande at dei tilsette har digitale system som sikrar ein effektiv og sikker kommunikasjon, forvaltning, saksbehandling og tenesteproduksjon. Dette krev både god infrastruktur og hensiktsmessig programvare, men også at det blir lag til rette for tilstrekkeleg opplæring og gode rutinar og prosessar som sikrar maksimal bruk og utnytting av systema. 

Dokumentlagring

 

Personleg

OneDrive

  •  Lagringsområde for personlege filer
  • Skal ikkje brukast til personsensitiv informasjon

Outlook

  • E-post kommunikasjon med interne og eksterne
  • Kalender
  • Skal ikkje brukast til personsensitive opplysningar

Teams

  • Oppslag kontaktinfo

OneNote

  • Notatblokk for personlege notatar og møtenotatar
  • Skal ikkje nyttast til personsensitive opplysningar
Samhandling

Teams

  • Samhandling i einingar, avdelingar og prosjekt skjer her. Her ligg også avdelingsfiler og prosjektfiler

Teams og webex – samtalar

  • Bruk samtalar i egna kanalar i staden for e-post
  • Gjer raske avklaringar, still spørsmål og del dokument her i staden for epost

Teams og webexmøter

  • Du kan bruke teams til å køyre videomøter. Her kan du enkelt presentasjonar og dokument med andre medan møtet pågår
  • Møter der vi har dialog med brukar må vi bruke webex (her har vi avtalar som gjer dette mogleg).  Teams kan ikkje brukast til dette føremålet. 

OneNote notatar

  • Møtereferat blir ført på ein stad og blir gjort tilgjengeleg for alle med ein gong

Planner i Teams

  • Oppgåvestyring for avdeling eller prosjekt
Fagsystem

Saksbehandling skjer i fagsystema

Sak- arkiv system

  • Inngåande post, offentleg journal, utvalsbehandling, offisielle dokument som blir publisert på innsynsløysinga på heimesidene, saksbehandling på fleire områder

Visma Enterprise

  • Administrasjon av personal, lønn og økonomi

Edlevo

  • Skule- og barnehageadministrativt system lagrar relevant informasjon

Kvalitetssystem

  • Avvisksmeldingssystem, kvalitetsdokumentasjon, prosedyrer, reglement, varsling

Ulike fagsystem som Gerica, Familia, HsPro, fagsystem innanfor teknisk sektor osv.

  • Saksbehandling og dokumentasjon i samsvar med dei faglege behova

Merknad:
Fagsystem som ikkje har ei godkjent arkivkjerne må lagre/overføre dokumentasjon til godkjent arkivkjerne.

Intranett
  • Nyheiter og informasjon til den tilsette

Dokumentlagring - beskrivelse av kva eg skal bruke når? (PDF, 408 kB)