Helsestasjonen og skulehelsetenesta
Sande helsestasjon held til å fyrste etasje på nygla, i same bygg som legekontoret. Dei gir tenester til born og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, og til gravide.
Kontaktinformasjon til dei tilsette i helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Janne Helgøy Jonasmo
leiande helsesjukepleiar
helsestasjon 0-5 år
skulehelsetenesta: Gursken oppvekstsenter
E-post: Send e-post
Mobil: 957 80 270
Kristine Haukeland Hauge
helsesjukepleiar
helsestasjon 0-5 år
skulehelsetenesta: Kvamsøy oppvekstsenter, Gursken ungdomsskule og Kvamsøy oppvekstsenter
Helsestasjon for ungdom
E-post: Send e-post
Mobil: 480 23 181
Marianne Brune Leikanger
jordmor
svangerskapsomsorg
skulehelsetenesta: Larsnes skule
Helsestasjon for ungdom
E-post: Send e-post
Mobil: 476 85 856
Om du ikkje oppnår kontakt kan du ringe Sande Legekontor på telefon 70 02 67 50. Legg igjen navn og nummer så ringer vi deg opp att.
Gravid
Er du gravid, eller planlegg å verte det, får du tilbod om familieplanlegging eller svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen. Jordmor tilbyr også heimebesøk etter fødsel. Du kan også velje å gå til fastlege dersom du ynskjer dette. Tilbodet er gratis.
Meir informasjon her
Jordmor i Sande
Marianne Brune Leikanger
E-post: Send e-post
Mobil: 476 85 856
Send gjerne SMS for å avtale time, så får du svar, eller jordmor ringer deg når ho kan.
Spedbarn 0 månadar til 5 år
Helsestasjonen er Sande sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle born og deira føresette. Tilbodet er gratis. Helsesjukepleiar og helsestasjonslege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise born og familier med spesielle behov til andre helsetenester. Helsestasjonen skal bidra til born si fysiske, psykiske og sosiale helse, og styrke og støtte foreldre i å meistre foreldrerolla. Klikk her for å lese meir om kva helsestasjonen tilbyr.
Skulehelsetenesta 6-16 år
Skulehelsetenesta finst på alle barne- og ungdomsskular i Sande. Skulehelsetenesta er ansvarlege for vaksinering, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning. Helsesjukepleiar har også trefftid på skulane. Sjå meir under lag link til helsesjukepleiar i skulane på anna FAQ Tenesta er gratis og helsesjukepleiar har teieplikt.
Du kan finne meir informasjon om skulehelsetenesta her.