Alle som arbeider i offentlege verksemder er underlagt generell teieplikt (fvl §13), i tillegg har kvar enkelt teneste teieplikt gjennom sitt eige lovverk. Sjå punkt over om teieplikt for meir informasjon.
Felles for alle yrkesgrupper og tenester er at teieplikta vert oppheva ved samtykke frå den det gjeld (fvl §13 og hpl § 22 og sotjl §44). Eit samtykke gjer det mogleg å dele informasjon så langt som samtykket gjeld. Merk at dersom ein går lenger enn det ein har samtykke til har ein brote teieplikta si.
I prinsippet vil eit samtykke vere det beste rettslege grunnlaget for å dele opplysingar med andre. Då har personane som opplysingane gjeld sjølv gått aktivt god for, og ofte sett seg tent med at dei kan bringast vidare. Relasjonsmessig er dette lagt eit godt fundament for vidare samhandling.
Det er nærare reglar for korleis eit samtykke skal være gitt for at det skal reknast for å vere gyldig.
Informert samtykke
For det første må eit samtykke vere frivillig utan nokon form for press. Vidare må eit samtykke vere informert, det vil seie at den som gjev eit samtykke kjenner alle konsekvensane og har forstått kva han/ho samtykka til.
Den som samtykka skal få opplysingar om:
- Kva samtykke heilt konkret inneber
- Kva konkrete opplysingar det gjeld
- Kven som skal få opplysingane
- Kva opplysingane heilt konkret skal nyttast til
- Korleis opplysningane vert behandla, derunder lagra og sletta.
- At eit samtykke kan trekkjast attende når som helt og eventuelle konsevensar det vil kunne få
For å sikre dokumentasjon på at ein har fått samtykke bør, eit samtykke vere skrifteleg.
Barn/ungdom og samtykke
Når det gjelder barn under 18 år er det i utgangspunktet dei som har foreldreansvar som skal samtykke. Lovverket har ein del unntak frå denne hovudregelen:
- Når barnet kan danne seg eit synspunkt på kva saka dreiar seg om, skal barnet bli høyrt om kva det meina. Dette gjeld allereie frå barnet er 7 år (barnelova §31)
- Etter 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meina (barnelova §31).
- Generelt gjeld det at barna med alderen skal gis stadig større sjølvråderett.
I tilknyting til helsetenesta og helsehjelp gjeld særlege reglar (hlspl §22, jf. pasient- og brukarrettigheitslova § 4-4.) om kor vidt det er barna og/eller foreldra med foreldreansvar som skal samtykke til at opplysingar vert gitt til andre:
- For barn under 12 år er det foreldra som åleine avgjer om opplysingane skal kunne gis til andre.
- For barn mellom 12 og 16 år skal foreldra avgjer om teieplikta fell vekk, men barna har alltid rett til å uttale seg om det først.
- Barn som er over 16 år kan som hovudregel sjølv samtykke til at teieplikta fell vekk. Dette gjeld ikkje ved særs alvorlege avgjerder.
I saker for sosialtenesta og barneverntenesta gjeld andre regler som spesifiserer når eit barn/ungdom kan være part i ei sak.
For meir informasjon om samtykke hos barn/ungdom sjå eige lovverk og/eller KS sin rettleiar om teieplikt og samhandling i kommunalt arbeid for barn - ungdom - familier(PDF, 3 MB) kap. 5.
Les meir om teieplikt og samtykke hos Bufdir og meir om samtykke hos datatilsynet.
Her finn du Sande kommune sitt skjema for samtykke.