Foreldrerådgjeving er eit av tiltaka i "Tidleg innsats for barn i risiko" (TIBIR). Tiltaket er kortvarig og byggjer på prinsippa i behandlingsmetoden til Parent Management Training -Oregon (PMTO)
Målgruppe er foreldre til barn i alderen 3-12 år som viser teikn til begynnande problem med åtferd.
Foreldrerådgjevinga tek sikte på å hjelpe familien på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg. Gjennom rådgjevingssamtalar og rettleiing kan foreldre få hjelp til å førebyggje begynnande problem med åtferd og bidra til positiv utvikling hos barnet.
Arbeidet med rådgjeving i PMTO skjer i samtalar med foreldre helst kvar veke i ein periode, omlag 4 - 7 møter pr. familie.
Begge foreldre som bur saman med familien bør delta.
Foreldra må vere motiverte.
I første samtale er det kartlegging for å avklare om det er rådgjeving eller terapi som er lurt å tilby.
Det er obligatorisk med rådgjeving om samarbeid og gode beskjedar og læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av oppmuntring. Andre tema er tilsyn og oppfølging, grensesetting og problemløysing.
Foreldre får øve på korleis dei skal møte barnet på ein måte som kan snu uheldig utvikling.
Ta kontakt med Margunn Rekdal PPT