Som tilsett i Sande kommune har du ansvar for å vere merksam på barn og unge som har eller kan få utfordringar i kvardagen. Du skal bidra til at det blir sett i verk tiltak som hjelper dei å meistre livet sitt på ein god måte.
Du er plikta til å handle dersom du kjenner uro knytt til eit barn, til dømes om utvikling, helse, trivsel, familieliv eller livssituasjon. Uro kan også gjelde eit ufødd barn. Vi har utvikla verktøy og system som støttar deg i dette arbeidet.
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta kontakt direkte med
Politi 02800, barnevernstenesta 91 57 60 20 eller alarmtelefonen for barn og unge 116 111
Nedanfor finn du lenkar til korleis vi jobbar med dette i Sande, kva handlingar vi skal gjennomføre - Handlingsrettleiar, korleis systemet og hjelpeapparatet er oppbygt - Samhandlingsmodellen og kva verktøy vi har utarbeidd til konkret hjelp i arbeidet - Verktøy.