Saman om ein god oppvekst i Sande
I Sande kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Nokre gongar kan barn og unge likevel møte utfordringar som gjer at dei treng ekstra støtte. For å sikre at alle får den hjelpa dei treng, bruker vi BTS – Betre tverrfagleg samhandling. Det er eit rammeverk som hjelper oss å samarbeide godt på tvers av ulike tenester og fagområde. Lova krev at kommunen skal samordne tenestene sine.
Med BTS får vi ein tydeleg struktur for korleis vi samarbeider, slik at barn, unge og familiar får eit heilskapleg og trygt tilbod.
På nettsida vår kan du lese meir om korleis arbeidet med Betre tverrfagleg samhandling (BTS) er organisert i Sande kommune, og finne verktøy og informasjon for både innbyggarar og tilsette.
Har du tilbakemeldingar for oppdatering av sida, set vi pris på det!