Røyste på valdagen 8.september
På valdagen 8.september kan du røyste i ein av valkrinsane, så lenge du står i manntalet i Sande kommune. 
Ver merksam på at det ved alle røystestadane er kortare opningstid enn tidlegare og at opningstida ved røystestadane varierer. 
På valdagen kan du berre røyste i den kommunen der du står i manntalet.
Gjerdsvika krins:
- Coop Marked Gjerdsvika, kafè-delen
- Opningstid: 14.00 - 18.00 
Gursken krins:
-  Gursken oppvekstsenter, gymsalen 
- Opningstid: 14.00 - 19.00
Larsnes krins:
- Larsnes oppvekstsenter, gymsalen  
- Opningstid: 14.00 - 19.00 
Sandsøy krins: 
- Sandsøy skule, mediatek
- Opningstid: 14.00 - 18.00
Kvamsøy krins: 
- Kvamsøy oppvekstsenter, kjøkkenet
- Opningstid: 14.00 - 18.00 
 
 
Godt val! 
Valstyret i Sande kommune