For folkevalde

For folkevalde

På denne sida vil du finne nytting informasjon, både for deg som er nyvald og for dei litt meir erfarne folkevalde i Sande.

Registeringsskjema for folkevalde

Politisk sekretariat (administrasjonen) er avhengig av at alle innvalde medlemmar i kommunestyret, utvala og råda er registert i våre system, slik at vi har korrekte personopplysningar.

 

Samtykke og teieplikt

Alle folkevalde må ha signert samtykkeskjema til å verte vald inn i styre, råd og utval og ein må signere teiepliktskjema. 

Her finn du skjemaet du skal fylle ut. Du må logge deg inn med bank-id, fylle ut og sende inn.

 

Innkalling og forfall til politiske møter

Innkalling og sakspapir
Forfall

 

Elektroniske system og verktøy for dei folkevalde

Acos Møteportal - sakspapir til politiske møter
Innsynsløysinga Innsyn - postlister og saksdokument
Visma Enterprise Plus - godtgjersle, reiserekning og tapt arbeidsforteneste
Ipad eller pc

 

Fritak frå kommunale verv

Folkevalde kan søkje om fritak frå verv. Reglane for dette kan du lese om i kommunalova § 7-9.

Søknad om fritak skal vere skriftleg og sendast til Sande kommune.

Søknaden må vise kva verv ein søkjer fritak frå. Du må også gi opp grunnen til at du søkjer fritak og kva dato det skal gjelde frå. 

Dersom søknaden om fritak er av helsemessige årsaker, må legeattest leggast ved.

Dersom du ikkje lenger er folkeregistrert i Sande kommune er du ikkje valgbar, og vil få automatisk fritak frå alle verv. 

Habilitet

Utgangspunktet for å vurdere habilitet er forvaltningslova sine bestemmelsar. Det er ikkje ulovleg å vere inhabil, med det er reglar for korleis dette skal handterast. Er du inhabil kan du ikkje vere med å avgjere saker. Men ingen skal heller ikkje erklære seg inhabil for å unngå å måtte behandle ubehagelege saker. 

Det er det folkevalgde organet som sjølv avgjer spørsmål om habilitet.

Her finn du reglane for habilitet

 

Innsynsrett

Den nye kommunelova inneheld detaljerte bestemmelsar om innsynsrett for folkevalde organ. Det er derfor ikkje lenger krav om at kommunestyret skal fastsette reglement for dei folkevalde sin innsynsrett.

Lova regulerer dei tilfella der organet krev innsyn i ytterlegare dokument enn kva organet allereie har fått tilsendt. Bestemmelsen nedanfor gir utvida rett til innsyn til eit organ, og ikkje til den enkelte folkevalde. Ettersom det er tilstrekkeleg med tre medlemmar for å kreve innsyn, anser lovgjevar at den enkelte folkevalde si moglegheit til å kreve innsyn er tilstrekkeleg ivareteken.

Dette er den aktuelle lovparagrafen:

§ 11-13. Utvidet innsynsrett for folkevalgte organer

 

Styrevervregisteret

Styrevervregisteret

Lokale reglement og forskrifter for dei folkevalde

Sande kommune har fleire reglement og forskrifter for dei folkevalde. Alle reglementa er vedtekne av kommunestyret, og skal rullerast i slutten av kvar kommuneval - periode.

Du finn ei oversikt over alle reglementa, forskriftene og andre styringsdokument her.

 

Lovlegheitskontroll

Tre medlemmar av kommunestyret kan slik kommunelova sin paragraf 27-1 bringe kva politisk sak som helst inn for statsforvaltaren til lovlegheitskontroll -  det vil sei å kontrolle om vedtaket er gjort på rett måte.

Kravet må settast fram innan 3 veker etter kommunestyremøtet, jf. eiga forskrift.  Lovlegheitskontrollen skal sjå på om vedtaket er innhaldsmessig lovleg, er vedteke av eit organ som har myndigheit til å gjere vedtaket og eller er blitt til på lovleg måte.

Før kravet vert sendt til kontrollinstansen skal organet som gjorde vedtaket behandle kravet på linje med korleis klagesaker skal behandlast - det vil sei gjere om eller oppretthalde vedtaket som er fatta. Kontrollinstansen kan stadfeste eller oppheve vedtaket. 

Varsling om kritikkverdige forhold

Det vert rekna som varsling når du seier ifrå om kritikkverdige forhold i verksemda, også kalla "whistleblowing". Med kritikkverdige forhold meinar ein noko som er i strid med lover og reglar, kommunen sine retningsliner eller kva som allment vert oppfatta som forsvarleg og etisk akseptabelt. 

Døme på kritikkverdige forhold er:

  • Forhold som fører med seg fare for liv og helse
  • Mobbing, diskriminering og trakassering
  • Seksuell trakassering
  • Korrupsjon - Underslag, tjuveri eller økonomisk svik
  • Brot på teieplikta, personvern eller tryggingsrutinar
  • Maktmisbruk

Kva som elles vert rekna som eit kritikkverdig forhold, kan tolkast i lys av kva det er knytt samfunnsinteresse til. altså at det må gjelde noko kommunen skal, og venteleg kan gjera noko med. Varselet bør vere tilstrekkeleg konkret til at kommunen kan forstå at det er tale om eit varsel og kva ein varslar om.

 

Oversendingsframlegg, interpellasjonar/ grunngjeve spørsmål og spørjetime.

Oversendingsframlegg
Grunngjeve spørsmål
Interpellasjon

 

Informasjon frå og om det politiske sekretariatet

Politisk sekretariat består pr i dag av fagleiar Tove Cathrine Kvamme og informasjonskonsulent Elin Muren Rokstad. Du finn oss på kommunikasjonsavdelinga i 1. etasje på rådhuset, eller på telefon 700 26700 i opningstida.

Vi har også direktenummer; Tove har 99531346 og Elin har 97754403.

E-postadressene våre er tove.cathrine.kvamme@sande.kommune.no og elin.rokstad@sande.kommune.no

Våre arbeidsoppgåver er m.a. å sørge for at politikarane har det utstyret og dei kunnskapane dei treng for å gjere ein god jobb som folkevalde. Vi samarbeider tett med ordførar og varaordførar då vi har jamnlege møter med desse.

Sekretariatet har som overordna mål å bidra til politisk styring av Sande kommune. Det er blant anna å sørge for at dei formelle prosessane fungerer, og at det vert lagt til rette for aktive politiske prosessar. 

Nokre av våre oppgåver:

  • sekretariatsfunksjon for kommunestyret, formannskapet, helse- og oppvekstutvalet, næring, teknisk og miljøutvalet, kommunalt råd for personar med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet
  • valansvar og valsekretariatsfunksjon
  • informasjon til publikum, primært via kommunen sine nettsider, og ved forespørsler
  • tilrettelegging for representasjon
  • folkevalgtopplæring
  • fritak og supplering av folkevalgte
  • gjennomføring av vigsel i samarbeid med vigslar