Kven er opplæringa for?
Er du mellom 16 og 67 år og ikkje kan norsk, eller treng å bli betre i norsk, kan du kontakte oss for meir informasjon om aktuelle kurs.
Desse har rett til gratis norskopplæring:
Personar mellom 16 og 67 år som ikkje kan norsk, kan ha rett og/eller plikt til norskopplæring, avhengig av opphaldsløyvet og tidspunktet for innvilga opphald.
Her er ei oversikt over regelverket:
Rett til norskopplæring
- Rett betyr at opplæringa er gratis og vert tilbydd av kommunen.
- Personar som har fått opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphald, har rett til opplæring.
Dette gjeld til dømes:
- Flyktningar (asyl, og overføringsflyktningar)
- Personar med opphald på grunnlag av sterke menneskelege omsyn
- Personar med kollektiv beskyttelse
- Familiemedlemmar til dei ovanfor
Plikt til norskopplæring
- Plikt betyr at ein må gjennomføre opplæringa og bestå prøver for å få permanent opphald eller statsborgarskap.
- Gjelder for personar mellom 18 og 67 år som har fått opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphald.
- Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS/EFTA har plikt, men ikkje nødvendigvis rett (må betale sjølv).
Kommunen kan krevje at personar som omfattast av § 26 tredje og sjuande ledd, betaler for opplæringa.
Desse har ikkje rett til gratis norskopplæring:
- nordiske borgarar (dvs. statsborgarar frå Danmark, Finland, Island, Sverige eller Noreg)
- studentar og arbeidsinnvandrarar, og deira familiemedlemmer
- innvandrarar som har brukt opp retten sin
Prisar og kurslengd vil variere. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.
Kva nivå vil du starte på, og når kan du starte?
Vi underviser etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar som dekker nivå A1-B2. Opplæringa skal følgje læreplanar fastsett i Forskrift til integreringsloven
Det vil variere kva kurs vi har til ei kvar tid.
- Alfabetisere kurs
- Nybegynnarkurs (A1)/beginner
- Mellomnivåkurs (A2)/intermediate
- Vidaregåande kurs (B1)/intermediate
- Vidaregåande kurs (B2)/advanced
Etter at du er kartlagt og har hatt ei eventuell språkprøve, blir du plassert i ei gruppe som er tilpassa nivået ditt. Du får normalt svar innan ei veke, og kan starte så snart det er ledig plass i ei gruppe på ditt nivå.
Når har vi norskkurs?
Dei fleste kursa våre går på dagtid frå kl. 08:30 til kl. 12:00. Dersom det er nok påmelde, kan vi tilby kurs på andre tider, eller reine nettkurs.
Korleis søker du på norskkurs?
Ta kontakt med flyktningtenesta i Sande ved flyktningkonsulent Susanne Løset.
Mobil: 948 02 113
E-post: susanne.loset@sande.kommune.no
Kva eksamenar arrangerer vi?
- Norsk munnleg og skriftleg på nivå A1, A2, B1 og B2
- Samfunnskunnskapseksamen på morsmålet ditt
- Statsborgarprøva på norsk
Norskprøvene A1-B2 blir normalt gjennomført 3-4 gongar i året, nasjonale datoar.
Samfunnskunnskaps- og statsborgarprøva blir gjennomført ca. 5-8 gongar i året, lokale datoar.
Søke om fritak frå norskopplæring eller eksamen?
Vi gjennomfører norskprøven to til tre gongar i året. Dersom du ønskjer å søkje om permanent opphald eller statsborgarskap, må du ta norskeksamen eller dokumentere norskkunnskapar frå eit anna skuleslag, og søkje om fritak.
Søknad om fritak frå norskopplæring