Språkopplæring
Vaksne deltakarar med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til spesiell språkopplæring fram til dei kan følgje vanleg undervisning (opplæringslova § 19-8).
Kven har rett til forberedande opplæring for vaksne (FOV)?
Alle vaksne over 16 år som treng opplæring i fag eller grunnleggande ferdigheiter, har rett til FOV (opplæringslova § 18-2). Du må ha lovleg opphald i Noreg for å få denne retten.
Korleis fungerer opplæringa?
Opplæringa er delt inn i modular (nivå). Læreplanane er laga for vaksne, og det finst eigne planar for:
- norsk for språklege minoritetar
- grunnleggande lese- og skriveopplæring
- tal forståing
Før du startar, blir du vanlegvis kartlagt for å finne rett nivå. Nokre kan få fag frå ulike modular, og det er mogleg å ta FOV på deltid og berre følgje nokre fag.
Når du har bestått modul 4, får du vitnemål. Med dette kan du søkje vidaregåande opplæring.
Korleis søke?
Det er vaksenopplæringa i kommunen som tilbyr FOV. Du kan søkje heile året, og det er ingen søknadsfrist.
Ta kontakt med kommunen for meir informasjon