Larsnes oppvekstsenter

Larsnes oppvekstsenter

Larsnes oppvekstsenter - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Larsnes skule er ein barneskule frå 1. klasse til og med 7.klasse. Skulen er fådelt der elevane i 1., 2.,3., 4. og 7 klasse går åleine, medan 5.og 6.klasse går i lag.
Frå hausten 2025 har Larsnes skule 66 elevar, 12 lærarar og fire fagarbeidarar. Skulen har også eit SFO – tilbod alle skuledagar, og frå hausten 2025 vil det vere 32 born på SFO.

Larsnes skule ligg fint til ovanfor landsbyen Larsnes. Skulen ligg midt i naturen og har eit fint uteområde med moglegheiter for leik og samspel. I tillegg har vi to gapahukar vi nyttar ved høve då fysisk aktivitet er viktig for trivsel og læring.

Skulen sine målsettingar

Larsnes skule ønsker å skape ein trygg læringsarena der alle opplever meistring. Larsnes skule bygger på PALS sine fyndord, ansvar, respekt og omsorg. Dette gjer vi mellom anna for å skape ein trygg læringsarena der elevane opplever meistring.

Leseplan

Sandeskulen satsar ekstra på lesing, og har ein ny flott leseplan som er utvikla av Sande, Herøy og Ulstein kommune i lag. Du finn lenke her: Leseplan

PALS

Vi er ein PALS-skule, og det gjer at vi skapar eit trygt og støttande læringsmiljø for eleven. Dette er et viktig verktøy inn mot eleven sin trivsel og sosiale læring. Ansvar, respekt og omsorg skal prege veremåten til både barn og vaksne på skulen. Det er også viktig at Larsnes skule tek vare på den enkelte samstundes med at vi arbeider med dei same prosjekta og haldningane til alle som er på skulen.

 

Fysisk aktivitet og kultur

Larsnes skule har tilgang til skogen, fjellet, kunstgrasbana m.m. Dette ynskjer vi å utnytte i kombinasjon med fagleg og sosial læring. Vi er opptatt av at elevane er aktive og at dei vaksne på skulen stimulerer og fordrar til dette. På jul- og sommaravslutningane får elevane  lov til å vise fram ulike og flotte kulturelle innslag. Musikken har alltid stått sterkt på Larsnes, det er eit fint bidrag for å skape samhald og trivsel.

Faglege satsingar

Larsnes skule har i lag med dei andre skulane i Trekløversamarbeidet ( Herøy, Sande og Ulstein)  utvikla leseplanar for alle trinn. 

Larsnes skule har gjort, og vil i framtida auke innsatsen omkring digital kompetanse og digitale læringsprogram. For å ruste dagens barn på framtida er det å nytte digitale verktøy på ein kritisk og fornuftig måte særs viktig, informasjonssamfunnet stiller stadig nye krav. Det er viktig at både barn og vaksne heng med her.

Larsnes skule skal vere ein digital-vennlege skule, og vi nyttar læringsprogram, visuell støtte for å gjere elevane gode på digitale dugleikar. I tillegg er vi sjølvsagt opptatt av at elevane får utfordringar ut i frå sin ståstad og sitt potensiale. Ei god begynnaropplæring der ein meistrar dei ulike grunnleggande dugleikane er ein viktig føresetnaden for heile skuleløpet.

Vigilo

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.

Les meir om appen og funksjonane her: Vigilo.

Skulerute

Her er link til skuleruta for skuleåret 2025-2026: Skuleruta

Styringsdokument

Her finn du styringsdokument for skulen.

Kontaktinformasjon:

Klassekontakter Larsnes skule 2025/2026

Klassekontakter Larsnes skule 2025/2026
KlassetrinnKlassekontakterResterande verketidFunksjon i FAU
1.klasse/kull 2019Mariela M. Haugen2 år FAU
1.klasse/kull 2019Joanna Hearn1 år
2.klasse/kull 2018John Magne Nordahl Gjerde1 år FAU
2.klasse/kull 2018Tina Sørensen1 år
3.klasse/kull 2017Marte R. Hansen2 år FAUNestleiar
3.klasse/kull 2017Irene V Skare1 år
4.klasse/kull 2016Harald Knotten (Sandra Cortez vikar ved høve)1 år FAU
4.klasse/kull 2016Mats Ekeberg1 år
5.klasse/kull 2015 (5.og 6.klasse går i lag)Thomas Oksavik2 år FAULeiar
6.klasse/kull 2014 (5.og 6.klasse går i lag)Elise W. Myklebust1 årSekretær
7.klasse/kull 2013Karl Herman Nystøyl1 år FAUØkonomiansvarleg
7.klasse/kull 2013Karen – Marie E. Hjelle1 år

 

Telefon:

Rektor Camilla Auflem Vik: 907 29 780

SFO: 948 12 168

E-post:

larsnes.oppvekstsenter@sande.kommune.no

Besøksadresse: 

Vardane 20, 6084 Larsnes

Her finn du Larsnes oppvekstsenter på kartet.

Kontakt

Camilla Auflem Vik
einingsleiar
E-post