Gursken oppvekstsenter

Gursken oppvekstsenter

Gursken skule - Klikk for stort bilete Silje S. Mork | Sande kommune

Gursken oppvekstsenter ligg i Gurskebotn i Sande kommune. Skuleåret 23/24 vil skulen ha rundt 140 elevar som går frå 1.-10.klasse. Skulen har SFO-tilbod om morgonen frå 07.15-08.25 og etter skuletid frå 13.15-16.15. Skulen har frå komande skuleår 17 lærarar, i tillegg til leiinga, assistentar, reinhaldarar og vaktmester. Dei jobbar kvar dag for at skuledagane skal vere best mogleg for elevane.

Visjonen til skulen:

«Gursken saman for trivsel og læring»

Vi har tre hovudreglar: Vis respekt! Vis ansvar! Vis omsorg!

Målet er at alle elevane skal trivast og utvikle seg.

PALS

Vi er ein PALS-skule, og det gjer at vi skapar eit trygt og støttande læringsmiljø for elevane. Dette er eit viktig verktøy inn mot elevane sin trivsel og sosiale læring. Ansvar, respekt og omsorg skal prege veremåten til både barn og vaksne på skulen.

Vigilo

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.

Les meir om appen og funksjonane her: Vigilo.

Google classroom

Google classroom blir i dag nytta i alle klasser ved skulen, her blir det oppretta eigne fagrom der lærarane legg ut relevant informasjon til elevane sine, i tillegg til arbeidsoppgåver som elevar arbeider med, både på skule og heime. Vekeplanar og anna informasjon til elevane blir også lagt inn her i eigne informasjonssider for dei ulike klassetrinna. Google classroom fungerer som eit samarbeidsverktøy mellom elev og lærar.

Vi jobbar spesielt med:

Skulen jobbar med fagfornyinga.  I år satsar vi ekstra på lesing, og har ein ny flott leseplan som er utvikla av Sande, Herøy og Ulstein kommune i lag. Du finn lenke her: Leseplan

Vi skal utvikle oss både kollektivt og individuelt. Vi brukar også BTS som støtte i arbeidet. Vi er gode på tverrfagleg arbeid i Sande.

Støttande og trygt læringsmiljø. Det bygger på PALS-modellen. Det står for positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. I Sande kommune held vi på med dette utviklingsarbeidet saman med skulane på Larsnes, Gjerdsvik, Sandsøy og Kvamsøy. Les meir om PALS her.

Gursken oppvekstsenter samhandlar med PPT om utvikling av skulen.

Vi ønskjer å ha eit godt skule-heim-samarbeid.

Vi set pris på at Sande kommune og idrettslag har samarbeidd om å byggje kunstgrasbane som er plassert her ved skulen. Bana har ført til ein betre skulekvardag for elevane ved skulen og den er mykje i bruk. Aktivitet skaper trivsel. Trivsel og læring høyrer saman.

Vi gjer kvarandre gode i Gursken!

Styringsdokument

Her finn du styringsdokument for skulen.

 

Skulerute

Her er link til skuleruta for skuleåret 2025-2026: Skuleruta

Gursken oppvekstsenter FAU

Gursken oppvekstsenter FAU
KlasseForeldreVara
1.Alexander SandangerKarina Beate Skare Longva
2.Therese MurenStephani Brunstøl Garrido
3.Sjur Longva StrandbakkenChristina Wickstrøm Hauge
4.Camilla Auflem VikJan Arne Strand
5.Henriette Hauge SætreTove Helgås
6.Henriette Hauge SætreTove Helgås
7.Veronika BonaaCamilla Auflem Vik
8.Irene Elin Varholm SkareHenriette Sætre Hauge
9.Ruslana Datsyuk
10.Rune Bennemeer

Gursken oppvekstsenter - Samarbeidsutval 2024-2025

Gursken oppvekstsenter - Samarbeidsutval 2024-2025
RepresentantRepresentererFunksjon
Alexander SandangerForeldre
Rune BennemeerForeldre
Heidi Torset SkogeUndervisnings-personale
Thea Jacobsen-LøvøyElev (10. kl)
Marius KaranauskasElev (10. kl)
Tuva Ekroll RiborgElev (9. kl)
Christina W. HaugeKommune
Marianne Solbjørg OseKommune
Ronny ProzenkoKommuneVara

Kontaktinformasjon Gursken oppvekstsenter:

Gursken oppvekstsenter
NamnTittelTelefon
Marianne Solbjørg Oserektor70026795/ 99239125
Linda Rise Stridhrådgjevar70026797/ 90093956
Elena J. Voldnes Jokschundervisningsinspektør70026796/ 47239189

Besøks/ postadresse : Vågen 10, 6082 Gursken 

Her finn du Gursken oppvekstsenter på kartet.

Kontakt

Marianne Solbjørg Ose
einingsleiar
E-post
Telefon 70 02 67 95
Mobil 99 23 91 25
Linda Rise Stridh
rådgjevar
E-post
Telefon 70 02 67 97
Mobil 90 09 39 56