Vi ønsker å få inn forslag til kandidatar til kulturprisen

Vi ønsker å få inn forslag til kandidatar til kulturprisen

Sparebanken Møre og Sande kommune deler kvart år ut kulturprisen for Sande. 

Prisen vert utdelt på eit passande arrangement  på slutten av året. 

Prisen er på kr 20 000,-

Pokal - Klikk for stort bilete Pixabay

Vi ønsker å få inn forslag til kandidatar til kulturprisen for Sande kvart år. 

Kven kan få kulturprisen?

Kulturprisen går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar i Sande kommune.

Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats utover det vanlege. Kulturarbeid kan definerast vidt. 

Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar.

Framlegget skal vere skriftleg og med grunngjeving.

Her er retningslinene for kulturpris-tildeling (PDF, 238 kB)

Her finn du skjema som du skal fylle ut dersom du vil kome med forslag til nokon DU meiner fortener prisen

Kven bestemmer kven som skal få prisen? 

Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslag til kulturpris-kandidatar. 

Nemnda er sett saman av tre politisk valde representantar og ein representant frå Sparebanken Møre.

Frist for innspel: 

20. oktober er frist for innsending av forslag til kulturpris. 

Tidlegare kulturprisvinnarar: 

Oversikt -kulturprisvinnarar

 

Her finn du tidlegare kulturprisvinnarar

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95