Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

BPA ( brukarstyrt personleg assistent) er ei ordning for deg som har stort behov for praktisk bistand. Ordninga medverkar til større ansvar for eige liv.

I BPA-ordninga er du sjølv - eller nære pårørande -  arbeidsleiar.

Kva er BPA?

BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på:

  • praktisk og personleg hjelp i dagleglivet
  • støttekontakt
  • avlasting for barn under 18 år

Ei god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.

Kven kan få BPA?

Ordninga er meint for deg som har langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Ordninga er meint for deg under 67 år, som har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men nokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask.

Betaling for heimehjelp - 2025

Betaling for heimehjelp - 2025
Abonnement heimehjelpPris pr mndPris
Abonnement heimehjelp inntil 2GEtter forskrift
Abonnement heimehjelp 2-3 G1630
Abonnement heimehjelp 3-4 G2040
Abonnement heimehjelp 4-5 G2450
Abonnement heimehjelp over 5 G2765
Abonnement heimehjelp timar sjølvkost465 pr time

Tenester i heimen 2025

Tenester i heimen 2025
TenestePris pr mnd
Vask av tøy469

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet .

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700 så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du vil få brev dersom det tek lenger tid enn fire veker.

Kontakt

Sjur Strandbakken
einingsleiar bu og habilitering
E-post
Mobil 99 76 82 69
Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65