Vaksinering

Vaksinering

Sande legesenter - i samarbeid med Sande helsestasjon -  tilbyr kvart år

  • influensavaksine 
  • pneumokokkvaksine

Når kan eg få vaksina?

Sande legesenter annonserer kvar haust tidspunkt for vaksinering. Dette blir annonsert i Vestlandsnytt og på aktueltsida her på heimesida.

Vanlegvis set ein opp ein felles dag for vaksinering. Dersom denne dagen ikkje høver kan ein kome innom Sande legesenter for å få eit stikk.

Kva kostar det?

Vaksiner - prisliste 2025
VaksinePrisar 2024
Influensavaksinekr 209
Peumokokkvaksinekr 412
Covid - 19Gratis

 

Treng eg å vaksinere meg? 

Les meir om influensavaksine her.

Du som er mellom 65 og 80 år vil få SMS om hausten  med oppfordring om å ta vaksine mot sesonginfluensa. Kampanjen er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet.

 

Reisevaksinering

Treng du vaksiner i samband med reiser eller utanlandsopphald, er næraste tilbod hos Medi 3 i Ulsteinvik  - tlf 70117000

Koronavaksinering

Vaksinering mot korona blir annonsert på aktueltsida- altså på framsida  - når det er sett opp datoar for dette. 

Koronasertifikat 

Dersom du ikkje har høve til å logge deg inn på Helsenorge med elektronisk ID og finne sertifikatet ditt  kan du bestille koronasertifikatet via brev i post. Du kan også ringe Veiledningstjenesten for Helsenorge og få tilsendt papirutskrift av koronasertifikatet i posten. Her finn du fleire opplysningar om koronasertifikat for ikkje-digitalebrukarar

Kontakt

Janne Helgøy Jonasmo
fagleiar Sande helsestasjon
E-post
Telefon 70 02 67 62
Mobil 95 78 02 70