Ferdigattest - mellombels bruksløyve

Ferdigattest - mellombels bruksløyve

Dersom du har søkt om å få bygge noko, skal du søke om ferdigattest når arbeidet er gjort. Byggverk må ikkje takast i bruk før du har fått mellombels bruksløyve eller ferdigattest.

Kven søkjer?

Dersom tiltaket ditt har ansvarleg søkjar, er det ansvarleg søkjar som sender inn søknaden om ferdigattest.

Korleis søkje?

Her finn du søknadsskjema.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknaden om ferdigattest eller mellombels bruksløyve, vil sakshandsamaren sjå etter om tiltaket er gjennomført som omsøkt og godkjent. Vedtaket vert så sendt ut til deg.

Ingen gebyr

Du betaler ikkje gebyr for tildeling av bruksløyve/ ferdigattest.