Når du skal søke om å byggje gjeld ulike lovverk, planar og reglar som tiltaket skal rette seg etter.
Dispensasjon frå dette er eit unntak, men ved visse tilfelle kjem ein likevel ikkje utanom å søkje om dispensasjon.
Kva kan du søke om dispensasjon frå?
Døme på kva det vanlegvis vert søkt om dispensasjon frå:
- krav om avstand til veg (fylkesveg 50 m og kommunal veg 15 m)
- krav om avstand til sjø og vassdrag (strandsonevernet på 100 meter)
- krav om utarbeiding av reguleringsplan (plankrav)
- krav i arealplan og reguleringsplan (vedtekter, byggegrense, grad av utnytting på tomta, formål i plan, grenser for byggjehøgde)
- byggje- og deleforbodet i kommuneplanen
- andre reglar i plan- og bygningslova
- teknisk forskrift
Det er ikkje tilgang til å dispensere frå sakshandsamingsreglar, og personlege omsyn og fordelar kan ikkje vektleggast.
Om du er usikker på om du må søke dispensasjon, ta kontakt med kommunen.
Korleis søkje?
Om tiltaket du har planlagt krev ein dispensasjonssøknad, kan du levere den saman med byggesøknaden.
Dispensasjon krev skriftleg søknad som skal innehalde:
Her finn du skjema som du kan nytte for å søke om dispensasjon(pdf). (PDF, 191 kB)
eller
søk elektronisk om dispensasjon ( el skjema).
Kva kan du forvente?
Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lover og reglar.
Det er viktig å vite at ein dispensasjon er eit unntak. Det er strenge vilkår for å få ein dispensasjon. For det første skal det ikkje gjevast dispensasjon dersom omsynet bak regelen, eller føremålsregelen til lova, vert sett vesentleg til side.
I tillegg må fordelane ved å gi ein dispensasjon vere klart større enn ulempene. Er desse to vilkåra innfridde, kan kommunen velje å gi dispensasjon.
Dersom søknaden gjeld dispensasjon frå lov og forskrift til lov, skal det leggast særskilt vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit.