Kommunal bustad

Kommunal bustad

Alle kan i utgangspunktet søkje om ein kommunal bustad . Dei som etter lova har rett til kommunal bustad, vert prioriterte. 

Dei 30 kommunale husværa er lokaliserte slik: 
1 i Gursken
18 på Larsnes
2 på Kvamsøy
3 på Sandsøy 
6  i Gjerdsvika 


Dei fleste leilegheitene har berre 1 soverom.
Husværet er ikkje møblert.


Sande kommune kan inngå kontrakter med varigheit på 2 år. 
I dette tidsrommet håper ein at leigetakar kan finne seg bustad sjølv på den private marknaden.

Husleigesatsane vert regulert kvart år. Ny husleige gjeldande frå 01.01.

Depositum : 2 mnd husleige
Straum og tv/ internett kjem i tillegg. 

Om du har behov for økonomisk hjelp til bukostnadane dine kan du lese meir her. 

Kven kan få tilbod om bustad? 

Tilbodet er for deg som er utan bustad, og ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Søkjarar med  økonomiske, helsemessige eller sosiale utfordringar vert prioriterte..

Om du har behov for omsorgsbustad, kan du lese meir om dette her. 

 

Kva kostar det å leige ?

Satsar for utleige av kommunal bustad - 2025

Kommunal bustad
Satsar for utleige av kommunal bustad - 2025
HusværePrisStad
Haugen 19 H10915Larsnes
Haugen 19 K6531Larsnes
Bjørkevegen 5A, 5B og 5C5724Larsnes
Bjørkevegen 3A6734Larsnes
Bjørkevegen 3B5450Larsnes
Lyngen 1A, 1C, 1D, 1E7228Hallebygda
Lyngen 1B8516Hallebygda
Leina 38D, 38E og 38F8179Sandshamn
Sætre 36 B11142Gursken
Myrdalen 46 A og 46 C11142Kvamsøy
Nygardsvegen 10 B11142Hallebygda
Riisevegen 137228Gjerdsvika

Korleis søkjer eg? 

Du kan bruke eit av desse skjema som du finn under her. 

Søknadsskjema kommunal utleigebustad

Når får eg svar ? 

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker .