2. Konkretiser uroa
Konkretisering betyr at den uroa ein har fått gjennom observasjon eller samtalar, skal samanfattast og skrivast ned. Det kan også dukke opp eventuelle spørsmål som ein ynskjer å få svar på og som kan underbygge eller avkrefte ei uro.
Under finn du BTI-verktøy som kan vere til hjelp når du skal definere kva som uroar deg.
NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt til barnet sitt fysiske og psykiske læringsmiljø jf. (oppll. §12) og (bhl. §42-§43), skal du følgje aktivitets-og dokumentasjonsplikta.
Dersom uroa gjeld eitt av dei sju samhandlingsforløpa i barn og unges helseteneste – angst og bekymring, autismespekterforstyrring, bekymring for barn 0–3 år, kroppsleg uro og merksemdsvanskar, spisevanskar og spiseforstyrringar, triste kjensler og depresjonsplager, eller vald, overgrep og omsorgssvikt , skal tilsette følgje dei aktuelle samhandlingsforløpa.
Verktøy
- Born og unge sine signal på mogeleg mistrivsel (PDF, 594 kB)
- Skala for uro born og unge (PDF, 595 kB)
- Skala for uro foreldre (PDF, 593 kB)
- Observasjonsskjema (PDF, 626 kB)
- Snakke med born