Temaplan avløp Sande kommune - Oppstartvarsel

Temaplan avløp Sande kommune - Oppstartvarsel

Sande kommune vil med dette varsle om oppstart av arbeid med temaplan avløp for Sande kommune. 

Graving - Klikk for stort bileteGraving Sande kommune

Planprosessen vil følge Plan og bygningslova sine reglar for kommuneplanar om varsling av oppstart, høyring av planframlegg og vedtak i kommunestyret, jfr. PBL §11-12, -14 og -15. Det vert ikkje utarbeidd planprogram.

Oppstart er annonsert i avisa Vestlandsnytt og sendt til offentlege myndigheiter. 

Sande kommune har til no ikkje hatt ein vedteken temaplan for avløp. Føremålet med utarbeiding av temaplan for avløp er å gje ein samla oversikt over avløpsanlegga i kommunen og vurdere behov for tiltak på kort og lang sikt. Konsekvensar for det kommunale avløpsgebyret vil bli synleggjort.

 

Planavgrensing

Planområdet er heile Sande kommune i Møre og Romsdal. I dag er det 9 avløpsanlegg som tek mot avløpsvatn frå nærliggande abonnentar. I tillegg kjem private slamtankar utanom dei 9 avløpsanlegga. I temaplanen vil det bli vurdert om fleire abonnentar bør tilknytast avløpsanlegga. 

 

Hovudpunkt i planarbeidet

•   Rammevilkår for avløps-sektoren (lover, forskrifter m.m.)

•   Kommunen sine mål for avløpsanlegg og prioriteringar

•   Omfanget og tilstanden til avløpsanlegga i kommunen

•   Naudsynte tiltak i planperioden med omsyn til nye anlegg og rehabiliteringstakt, 

     og prioritering av desse.

•   Økonomiske konsekvensar av planlagde tiltak, og berekne gebyrutvikling

 

Innspel til planarbeidet

Det er høve til å kome med innspel til varsel om oppstart av planarbeidet. Alle skriftlege innspel vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga. Når eit utkast til temaplan er utforma, vert dette behandla av Sande kommune med sikte på utlegging til offentleg ettersyn. Det vert høve til å uttale seg eller kome med merknader til planutkastet også ved offentleg ettersyn. 

 

Innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast til:

Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes, eller på e-post: postmottak@sande-mr.kommune.no

Frist for innspel er sett til 30.11.2023.

 

Sande kommune

Teknisk sektor