Rullering av kommuneplanen sin arealdel avgrensa til byggegrenser mot sjø, offentleg veg, og vassdrag – Planframlegg til offentleg ettersyn og høyring

Rullering av kommuneplanen sin arealdel avgrensa til byggegrenser mot sjø, offentleg veg, og vassdrag – Planframlegg til offentleg ettersyn og høyring

I medhald av §11-14 i plan- og bygningslova har Sande formannskap i sak F-88/24 gjort vedtak om å sende ut eit planframlegg retta mot rullering av kommuneplanen sin arealdel avgrensa til byggegrenser mot sjø, offentleg veg, og vassdrag på høyring og offentleg ettersyn.

Bakgrunnen for planframlegget er at kommunen sitt gjeldande planverk har manglar kva angår eintydige byggegrenser mot sjø, offentleg veg og vassdrag. Dette skaper vanskar i samband med planlegging og realisering av tiltak.

Du finn  aktuelle dokument på denne lenken

Framlegget sitt plankart finn ein på kommunekart.com Her er det enkelt å zoome seg inn på områder som du interesserar deg for.

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller på e-post til postmottak@sande.kommune.no. Merk innsendinga med “Merknad arealplan byggegrenser» eller  sak.nr. 19/11820  

Frist for innsending av merknad vert sett til 31.august 2024.

Du kan også sende inn høyringssvar via dette skjema, merk med sak.nr.  19/11820  

Litt meir om planarbeidet og planframlegget

Planarbeidet har vore avgrensa til berre å gjelde fastsetting av byggegrenser mot sjø, offentleg veg, og vassdrag samt faresoner basert på nye farevurderingar. Det er altså ikkje endra arealføremål eller teke inn nye areal for utbygging i kommuneplanen sin arealdel gjennom dette planarbeidet.

For å fastsette byggegrenser mot sjø har det vore nødvendig å gjere vurderingar knytt til kravet om sikker byggegrunn med tanke på havnivå og bølgepåverknad. Basert på dette er det utarbeidd faresoner for flaum, og i framlegget til føresegnene er det stilt krav om å legge tiltak (bygningar, anlegg, etc) i ein tilstrekkeleg avstand frå sjø, eller dokumentere at tiltaket tilfredsstiller krav knytt til tryggleik mot flaum.  Aktuelle tiltak kan vere tilstrekkeleg kotehøgde for å unngå skade frå sjø/bølgepåverknad, eller å tilpasse/sikre terreng og nytte ekstraordinære byggtekniske konstruksjonar for å oppnå sikker byggegrunn.

Det overordna er at byggegrunnen skal vere sikker å nytte til formålet. Det er i arbeidet med fastsetjing av byggegrensene lagt inn faresoner for flaum i plankartet. Det er også lagt inn “faresone flaum” kring elv/bekk (henta frå kartløysinga til NVE), samt “faresone skred” (henta frå detaljert rasutgreiing utført av NGI på oppdrag frå NVE).

Framlegget til nye planføresegner er i hovudsak retta mot byggegrenser og dei nye faresonene, men ein har også nytta høvet til å omstrukturere dokumentet slik at det er etter gjeldande mal og regelverk.