Detaljplan Larsnes sentrum vest – varsel om oppstart av planarbeid

Detaljplan Larsnes sentrum vest – varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av kommunal detaljregulering for eigedomen gbnr. 87/23 med fleire i Sande kommune. Sande kommune er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.

Obersikt kart - Klikk for stort bilete illustrasjon kart

Lokalisering

Planområdet ligg på den vestlege delen av Larsnes sentrum, Rønnebergsplassen 21–23, med areal i sjø.

 

Planområdet Larsnes sentrum vest - Klikk for stort biletePlanområdet Larsnes sentrum vest OSE

 

PDF-filer som gjeld denne høyringa:

 

DP Larsnes sentrum vest - plangrense_2024.11.19 PDF (PDF, 2 MB)

DP Larsnes sentrum vest - plangrense_flyfoto_2024.11.19 PDF (PDF, 2 MB)

DP Larsnes sentrum vest - plangrense_komplan_2024.11.19 PDF (PDF, 3 MB)

DP Larsnes sentrum vest - plangrense_regplan_2024.11.19 PDF (PDF, 4 MB)

Mål med planarbeidet

Målsetjing med planarbeidet er:

  • Regulere ferjekai-området, utviding av oppstillingsplass for ferjetrafikk, parkering og busshaldeplass.
  • Å vurdere plassering av bauta – automatisk freda kulturminne/vurdere spesialområde for kulturminne
  • Å regulere nytt kommunalt kaiområde
  • Å sikre tilkomstvegar
  • Utviding av næringsområde
  • Regulere inn landfeste for framtidig molo.

Planområdet

Planområdet består av eigedomane gbnr. 87/1, 17, 22, 23, 26, 27, 30, 39, 41 og feste 87/17/1, 17/2, 26/1. Planområdet er på om lag 150 daa (dekar).  Avgrensinga av planområdet kan bli endra før planen blir lagd ut til offentleg ettersyn.

Planstatus

Overordna plan

I arealdelen for Sande kommune har planområdet formål samferdselsområde og teknisk infrastruktur, forretning, offentleg og privat tenesteyting, friområde, ferdsel, fiske, bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. For delar av planområdet ligg det omsynssone. Reguleringsplanen skal framleis gjelde.

Regulering

Planområdet er regulert, med formål trafikkområde, vegformål, park, kafé/overnatting, offentleg friområde, friområde sjø og trafikkområde i sjø. Det er ikkje pågåande regulering i nærområdet som vil få konsekvensar for planarbeidet.

Dispensasjon/vedtak

Det er ikkje dispensasjonar/vedtak som vil leggje føringar for planarbeidet.

Konsekvensutgreiing

Etter § 6b skal reguleringsplanar alltid KU-vurderast etter tiltak i vedlegg I. Planarbeidet vil i hovudsak vere i samsvar med overordna plan. Planen vil kunne kome i konflikt med vedlegg I nr 24 – Næringsbygg, bygg for offentleg eller privat tenesteyting på meir enn 15 000 m2 BRA. Det blir vurdert å setje grense på kor mykje ny bygningsmasse som kan byggjast innanfor planområdet. Det vert ikkje planlagt å regulere kai for skip over 1 350 tonn.

 

Planen vil ikkje leggje opp til tiltak som vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn. 

 

Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for DP Larsnes sentrum vest ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

 

Informasjon og medverknad

Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post plan@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje ulemper for naboar. Det blir difor lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid.

Det blir invitert til møte 12.desember kl. 13 - 14 på rådhuset i Larsnes for orientering og spørsmål om planarbeidet.

Høyringssvar og frist

Merknadar/høyringssvar må vere skriftleg.

Du kan skrive ditt høyringssvar her.  Merk med saksnummer 24/1283

Sande kommune på e-post postmottak@sande.kommune.no eller til adresse:

Sande kommune

Rønnebergplassen 17,

6084 Larsnes

Viktig å merke skrivet med «Detaljplan Larsnes sentrum vest –Merknad»

Frist for merknadar vert sett til 27.12.2024.

Alle mottekne dokument og merknadar skal følgje planframlegget ved offentleg ettersyn.

Vidare sakshandsaming

Etter at meldingsfristen er ute vil plandokumenta bli utarbeidde for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagde ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.