Sommartid

Sommartid

Dei kommunale tenestene går stort sett som normalt i sommarhalvåret. 

Nokre tenester har redusert tilbod i ferietida. Her finn du oversikta.

Sande legesenter

Legesenteret har inne vikarlege under ferieavviklinga ein del av sommaren, og har vanleg opningstid frå klokka 8 til 15. 

Telefonen - 70026750 - opnar klokka 8.30 og stenger klokka 15. 

Du kan fornye reseptar på HelseNorge 

Sjekk på  https://www.helsenorge.no/legemidler/ om resepten din er gyldig før du kontakter oss for ny.

Du kan også bruke  Helsenorge - for bestilling av timar/ og andre spørsmål

Ergoterapi 

Frå 15.juli til og med 4.august er tilbodet feriestengt.

Fysioterapi

Det vil vere ein fysioterapeut til stades gjennom heile sommaren så det er berre å ta kontakt ved behov.

Helsestasjonen

Helsestasjonen er stengt frå 8. juli til og med 21.juli. Dei andre vekene er det vanleg opningstid.

Bibliotek

Det er reduserte opningstider frå 15.juli til og med 11.august.

Biblioteket vil vere ope måndag, tysdag og torsdag frå klokka 11 til 16.

Blomster - Klikk for stort bilete Pixabay