Ferje- og båtruter i Sande frå 20. august 2024

Ferje- og båtruter i Sande frå 20. august 2024

Tysdag 20. august stenger Larsnes ferjekai for all trafikk, og vi vil få endringar i ruteoppsettet både for ferjer og pendlarbåt.

Båtruter:

Det vil kun vere ambulansebåten MV LIV som går til Larsnes. Båten har ankomst/avgang frå kommunekaia til Sande kommune. Båten vil erstatte nokre av ferja sine ruter etter følgjande rutetabell:

Rutetabell for pendlarbåt når Larsnes ferjekai blir stengd 20.08-19.12.24 med små justeringar i rutetabellen frå laurdag 5.oktober.

Vi gjer merksam på at enkelte avgongar er bestillingsturar.

Reiarlaget Fjord Shuttle AS har sendt ut følgande pressemelding: 

“I forbindelse med stenging av Larsnes ferjekai, vil ambulansebåten «Liv» gå inn i ferjeruta som de i rutetabellen på frammr.no. Båten har passasjerkapasitet for 30 personar, og vi gjer så godt vi kan for å dekke opp rutene, men minner også om at ambulanseoppdrag har førsteprioritet. Dersom det er oppdrag som påverkar rutetabellen, vil dette varslast pr. sms. Dersom det vert amublanseoppdrag på natt, kan morgonruter verte kansellert for at mannskapet må avvikle kviletid. Ein melder seg av og på varsling ved å sende sms med namn til 466 78 434.”

I denne perioda vert alle avgangar gratis på same måte som ferja.

Ferjeruter:

Frå torsdag 22. august  vil oppstillingsplassar i Årvika vere klar, og MF OS og MF KVAM vil trafikkere rute 1066 frå Årvik – Åram – Voksa – Kvamsøy etter følgjande rutetabell:

Her er rutetabellen som gjeld frå 22.08.24 til og med 28.11.24  

For å få heilt oppdatert informasjon må du følge med på frammr.no.