Varsel om stor skog- og lyngbrannfare på oransje nivå for Sande

Varsel om stor skog- og lyngbrannfare på oransje nivå for Sande

Det er stor skogbrannfare i Sande og i regionen. Det generelle bålforbodet gjeld til 15.september. Dette inneber at det er forbod mot å tenne bål i eller nær skogsmark.  

Dersom ein ynskjer å tenne bål i strandsona eller annan plass kan ein ta kontakt med brannteknisk vakt på tlf. 700 29 176.

Dersom det ikkje kjem nedbør innan noko tid kan det verte innført eit generelt bålforbod.

Dette vert eventuelt informert om på kommuna sine nettsider.

Meteorologisk institutt varslar om stor skogbrannfare i Møre og Romsdal.

 Les meir om varselet her:

 Varsel fra Meteorologisk Institutt for Møre og Romsdal | Varsom.no

Varselet gjeld inntil det kjem nedbør av betydning.

Minner også om bålforbodet som gjeld fram til 15.september.

Det er innført lokal forskrift for når og kvar innbyggjarane i Sande kan brenne bål. Lenka til den lokale forskrifta finn du i artikkelen under.

Lokal foreskrift for når og kvar innbyggjarane i Sande kan brenne bål