På saklista

På saklista

Kommunestyret i Sande skal ha møte tysdag 22. oktober kl 14.00. Møtet er på Sande rådhus.

Har du lyst til å følge med? Du kan vere publikum i møtet eller du kan følge med på strøyminga.

Følg kommunestyremøta på nett på YouTube-sida vår.

Denne gongen har kommunestyret fått ei fyldig og innhaldsrik sakliste.  

Dei skal mellom anna gjere vedtak i saker om 

  • rehabilitering av kommunale vegar
  • trykkaukeanlegg for kommunalt vatn
  • tilsyn av spreidde avløp
  • felles NAV-kontor
  • kjøp av tildelingstenester for helse- og omsorg
  • heilskapleg ROS
  • kommunal planstrategi
  • handlingsplan for kommundelplan for idrett og fysisk aktivitet 
  • 2. tertialrapport med budsjettrevisjon drift
  • UngData-rapportane

 

Du kan lese alle sakspapira her.