Kommunestyret i Sande skal ha møte tysdag 24. september kl 14.00. Møtet er på Sande rådhus.
Har du lyst til å følge med? Du kan vere publikum i møtet eller du kan følge med på strøyminga.
Følg kommunestyremøta på nett på YouTube-sida vår.
Du kan “skrolle” deg fram til det du er mest intressert i når du trykker på play og dreg den att og fram i møtet. Viss videoen ikkje startar når du trykker play prøv å dra den framover til 9 minutt ut i sendinga.
På saklista denne gangen finn vi desse sakene:
86/24 Fornying av grafisk profil
87/24 Frå institusjonsteneste til heimeteneste - omlegging av tilbod til eldre
88/24 Godkjenning av grunnavtalar Gjerde, Gjerdsvika
89/24 Gnr 86 bnr 5, Haugen - oppstart av oreigning av areal.
Du kan lese alle sakspapira her.