På saklista

På saklista

Neste veke er møteveke for kommunale råd og utval i Sande kommune. 

På mandag har eldrerådet og ungdomsrådet møte. 
På tysdag har rådet for personar med nedsett funksjonsevne og oppvekst- og kulturutvalet møtet, på onsdag har helse- og omsorgsutvalet møte medan møtet i næring, teknisk og miljøutvalet er flytta til mandag 3. juni. 

Alle råd og utval skal behandle saker om godkjenning av delegerinsreglement, godkjenning av eigedomsstrategi og innsparingstiltak. 

I tillegg til ovannemde saker skal kvart utval behandla sine eigne fagsaker. 

Oppvekst og kulturutvalet har nye forskrifter etter ny opplæringslov på saklista, saman med ny avdeling i Gjerdsvika barnehage.

Helse og omsorgsutvalet har revidert samarbeidsavtale med Helse Møre og Romsdal HF på saklista, saman med diverse orienteringar.

Næring, teknisk og miljøutvalet skal behandle saker om konsesjon, næringsfond og viltforvaltning/hjortejakt. 

 

Du finn oversikt over møtestart og alle sakspapira her.