Fylkesveg-prosjekt | Omfattar tiltak i eiga kommune |
Fv 5866, X fv61 – Hallelia, gang og sykkelveg. | Opparbeide av kollektivpunkt ved Hallekrysset (fv.61/fv.5866) og gang- og sykkelveg langs fylkesveg 5866 til Hallelia bustadfelt. Tiltaket har godkjent reguleringsplan, Hallekrysset, som vart vedteken i 2023. |
Fv 6868, Vik-Sætre, Gang- og sykkelveg og flytting av enkelte delar av fylkesveg. | Opparbeiding av ny gang- og sykkelveg langs fylkesveg 5868 mellom Vik til Sætre, for sikre trygg skuleveg til og frå Haugsbygda. Utarbeiding av reguleringsplan for denne gang- og sykkelvegen pågår. Planen har gjennomført fyrste gong høyring. |
Fv.5860-Oppstillingsplass Voksa ferjekai | Fylkeskommune har utbetra tre ferjekaie for større ferje på rute 1066 Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy i 2024. Ferjekaia på Voksa har ikkje oppstillingsplass i dag, og nyttar køyrefelt på fylkesveg 5860 til oppstilling. Utbygging av ny oppstillingsplass vil gjere Voksa ferjekai meir trafikktrygg, spesielt med omsyn til mjuke trafikantar. |
Opparbeiding av busshaldeplassar og busskur, samt lyssetting langs fylkesveg og kommuneveg | Avsetting av investeringsmidlar til opparbeiding av nye busshaldeplassar, og til oppsetting av busskur langs fylkesveg. Dette for å vareta trafikktrygging av skuleveg. Samstundes prioritere høgare økonomiske støtte til etablering av kommunale haldeplassar og busskur for skuletransport. Sørge for lyssetting, skilting og oppmerking langs skulevegar, og i prosjekt som ikkje er sluttstilt, til dømes Årvik ferjekai. |
| Omfattar tiltak i andre kommunar: |
Fv.61-Dragsundsbrua trafikksikring | Trafikk over Dragsundbrua er ein flaskehals for både mjuke trafikantar og bilistar. Årsdøgntrafikken er registert til 6516 kjøyretøy. Det er registrert i vegbasen 9 ulykker her. Brua bør opparbeidast med 2 køyrefelt og fortau for gåande og syklande. Dette for sikre trygg trafikk over brua. |