Pixabay
Her må eg igjen få trekke fram det fantastiske kulturmiljøet i bygdene våre. Det gjev oss så mange gode stunder med eit mylder av arrangement gjennom adventstida, som fullsette konsertar i kyrkjene , i samfunnshus og i skulane. Så flott at Kulturskulen, lokale korps og kor med solistar dreg vekslar på kvarandre. Ei stor takk til alle som bidreg.
Til julestemninga høyrer også x-antal tusen utandørs julelys som vert tende. Takk til alle som med lyssetting bidreg til at det lyser i «stille grender» gjennom mørkaste tida.
Jula er ei gledestid, men også ei tid for vemod og sakn etter nokon som ikkje lenger er blant oss. Nokre kjenner seg einsame, nettopp i jula. Såleis er jula også ei tid for omtanke. Slå ring om kvarandre.
God Jul og Godt nyttår til alle!
Med beste helsing
Dag Vaagen -
ordførar