Feiring av Verdas aktivitetsdag

Feiring av Verdas aktivitetsdag

Verdas aktivitetsdag er eigentleg i dag 10. mai, men dagen vart markert 8. mai fordi barnehagane er stengde 10. mai. Glade barn såg fram til denne dagen. Det var oppmøte i hagen bak Øya så gjekk dei ein tur rundt omsorgsenteret i lag med livsgledebarnehagen Hauemarkja.

Barna frå Hauemarkja barnehage feira Verdas aktivitetsdag saman med dei flotte folka på Livsgledeheimen. Det er kjekke møte mellom generasjonar og det var svært fint å gjere noko saman.

Turen gjekk med og utan vogner og rullatorer og med og utan ei hand å halde i. Saman får vi til det meste, og det beste er at det skaper smil og mykje livsglede for både barna, dei eldre og personalet både i Hauemarkja og på Sandetun.

Dei eldre smilte og såg ut til å vere glade for å få  kome ut i lag med barna.

Små og store hand i hand, knyter gode venskapsband !