Er du klar for å jobbe i sommarferien eller når vi skulle trenge deg elles? Er det du som skal hjelpe oss i sommar når vi skal ha ferieavvikling eller passar det betre å ta eit vikariat no i vår ? Silje S. Mork FerievikararVi har fleire stillingar ledige i sommar når vi skal avvikle ferie. Vi treng folk med utdanning og utan utdanning og også deg som er under utdanning! I helse og omsorg søker dei etter ferievikar innan:kokkhelsefagarbeidarsjukepleiarvernepleiarbioingeniørhelsesekretærpleiemedarbeidarkjøkenassistentandre med sosialfagleg utdanning Teknisk sektor søkjer etter:ferievikar innan reinhaldferievikar innan teknisk/anlegg Alle einingane i helse og omsorg må ha ferievikarar og vi må ha hjelp til plenslått og anna vedlikehaldsarbeid som dukkar opp. Her finn du søknadsskjema for alle stillingane.Tilkallingsvikar i helse og omsorgHeimetenesta treng tilkallingsvikarar som heimehjelp - hjelp til praktisk arbeid i heimen. Det er kjekt å treffe folk rundt i heimane og gjere ein forskjell for dei som treng ei hjelpande hand med ulike oppgåver. Ein interessant og utfordrande jobb! Kanskje noko for deg? Her finn du søknadsskjema.Er du klar for å søkje på stillingane så er vi veldig glad for det. Søknadsfristen er litt ulik på dei ulike stillingane. Dette står i annonsene. Om du treng meir informasjon kan du kontakte einingsleiarane. Vi ser fram til å lese søknaden din! Søk i dag - eller gjer dette kjent for nokon du trur vil passe til stillinga.