Røde Kors
Turen skal også gi eit pusterom i kvardagen utan at dei skal trenge å bekymre seg for økonomi, samtidig som den skal bidra til å skape nettverk med andre familiar i same situasjon.
Turen går til Mjuklia i Berkåk der familiane bur i familierom med eigne bad. Aktivitetane er taubane, fingerbrødgrilling, klatrevegg, bruskassestabling, bogeskyting og besøk i stallen. Foreldre har under heile opphaldet ansvar for barna og heile familien deltek i programmet. Mjuklia er ein besøksgard og har dyr som familien kan vere saman med. Det er faste kveldsaktivitetar og frie aktivitetar når det ikkje er program. Det er plass til ca. 60 deltakarar, opptil 17 familiar og 10 frivillige.
MÅLGRUPPE: Målgruppa er familiar som har stått i ein økonomisk vanskeleg situasjon over fleire år, og budd i Noreg i minst tre år. Og har barn i barneskulen, altså mellom 6 og 13 år. Det er nok at eitt av barna i familien er i målgruppa.
TRANSPORT: Alle utgifter er dekka av Røde Kors, og det blir sett opp buss frå fylket som ein kan nytte seg av gratis. Vi ønskjer at innsøkjarar tek ansvar for at familiane kjem seg til oppsamlingsstader, info kjem. Ferieleiar og frivillige frå Røde Kors er med på turen.
SØKNADSFRIST: Påmeldingsfristen er 10. mars 2025 for turen. Elektronisk påmeldingsskjema finn du ved å trykke her: Røde Kors - Ferie for alle | Røde Kors
Røde Kors vender seg til det lokale hjelpeapparatet for å kome i kontakt med familiane. Privatpersonar må vende seg til hjelpeapparatet for å søkje. For ytterlegare informasjon kan du lese meir på nettsida: Ferie for alle - Røde Kors (rodekors.no). Du kan også sende e-post til: annakatarina.gruner@redcross.no på distriktskontoret til MR Røde Kors, eller ringe 920 68 695.